Byrået Design & Profilering AS søker daglig leder

Byrået Design & Profilering AS har røter attende til midten av 80-talet og har lange tradisjonar innan grafisk produksjon, utsmykking og profilering.

Selskapet vart etablert i 2002 og er i dag Sunnhordlands største og mest komplette grafiske produksjonsbedrift.

I dag teljer bedrifta 16 ansatte og omsette i 2022 for 21 mill.

Kvalitet og service, og ikkje minst godt humør, er dei viktigaste berebjelkane i vår bedriftskultur.

I hovudsak leverer me våre produkt og tenester i heile regionen, mellom Bergen og Stavanger. Gjennom medlemskap i store bransjenettverk som Skiltgruppen og Gosh! leverer vi og våre produkt og tenester over heile landet.

Med to sterke fagmiljø med erfaring tilbake til 1980-talet er selskapet spesialistar i alt frå industrimerking og skiltproduksjon til optimalisering i digitale kanalar. Våre spesialister jobbar i felleskap i eit kreativt miljø med mål om å skapa begeistring og resultat.

På vegne av Byrået Design & Profilering AS søker vi ny dagleg leiar

Som ny dagleg leiar hos Byrået Design & Profilering AS vil du jobbe i ein svært spennande region i sterk utvikling og vekst. Du vil jobbe med dei store og sterke bedriftene, på same tid vere tett på dei små tradisjonsrike- og nye gründerbedrifter. Regionen byr på det meste!

Byrået treng ein tydeleg leiar som evner å ta selskapet inn i framtida, sjå potensiale og samtidig ta vare på kjerneverksemda.

Arbeidsoppgåver

For ny dagleg leiar vert det særs viktig å evna å utvikle bedrifta, sjå potensiale i marknaden, produkta og kompetansen i bedrifta.
I tillegg skal dagleg leiar:

  • Byggje laget og leie i same retning
  • Dagleg drift og leiing
  • Overordna økonomiansvar
  • Arbeida tett saman med økonomi og adm. medarbeidar
  • Nysal og ivaretaking av eksisterande kunder
  • Byggje nettverk

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Leiarerfaring/ kompetanse
  • God økonomi og forretningsforståing
  • Digital kommpetanse
  • Erfaring frå forretningsutvikling, marknadsføring og sal
  • Initiativrik, positiv og ryddig

Me ynskjer at ny dagleg leiar kan kommunisera godt og evna å byggje gode relasjonar internt og eksternt.

Me kan tilby deg ei utfordrande og spanande stilling kor du vil arbeida tett med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil leia ei sterk bedrift med lange tradisjonar og godt omdømme.

Byrået treng ein leiar  og ein entreprenør som ynskjer å ta selskapet inn i framtida!

Se hele annonsen her.

You might also like