Nordvestprofil AS søker produksjonskoordinator

Vi er i vekst, og treng ein framoverlent person som likar aktive dagar. Du vert knutepunktet mellom kunde og prosjekt, med oppgåver både innanfor sal, prosjektflyt og grafisk produksjon.

Vi treng ein person som brenn for å levere, som tek utfordringar på strak arm, og som kan tileigne seg kunnskap om datasystem og rutiner snarast råd.

Arbeidsoppgåver: 

  • Grafisk produksjonsflyt og prosjektleiing
  • Kundekontakt og ordremottak
  • Sal og service
  • Grafisk formgjeving av skilt, dekor, profilering
  • Varebestilling og kontakt med underleverandørar

 

Vi håpar du: 

  • Er sjølvstendig, effektiv og nøyaktig
  • Har godt humør, og er ein bidragsytar til godt arbeidsmiljø
  • Har erfaring med kundehandsaming
  • Har grafisk utdanning, eller tilsvarande lang erfaring
  • Har gode kunnskapar i bruk av Adobe Illustrator, Photoshop og InDesign
  • Har lyst å vere med å utvikle bedrifta vår vidare
  • Har gode norsk- og engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg

 

Vi: 

  • Har stor og moderne maskinpark, og mange flinke hender i sving
  • Er størst på storformatprint og profilering i vårt område.
  • Er ein ung og kreativ gjeng, som har det kjekt på jobb!
  • Har natur, fjell og fjord innan rekkevidde (+/- 2 min)
  • Har lyse, moderne lokale i Ørsta sentrum
  • Tilbyr gode vilkår, fri bruk av telefon, tilgong på firmabil i arbeidstida

Bur du ein annan stad i landet, og ynskjer å busette deg i hjartet av Sunnmørsalpane?

Vi hjelper deg med å finne bustad!

Les hele annonsen her.

- ANNONSE -

You might also like