Avery Dennison NTP søker Pre-Press Team Member

Pre-press avdelinga tek seg av artwork som blir sendt frå kunde og samlar deretter artwork på jobbar som blir sendt til trykking i produksjonen.

Filene me får frå kunde blir behandla og justerer ihht våre standarder ved behov, ev komme med andre løysingar for at kunde skal få best mogleg resultat om me ser utfordringar. Deretter blir motiva gjort klar til produksjon. Når det er godkjent av kunde blir motiv sett i saman til jobbar som trykkast av produksjonen. For å få maksimalt ut av materiell og produksjonskapasitet, lyt motiv bli plassert saman på jobbar avhengig av antal, kvalitet, leverings dato, produkt spesifikasjon osv.

 

Arbeidsoppgåver:

– Filbehandling og justeringar ihht våre standarder ved behov

– Finne alternativer og kommunisere dette til kundeservice

– Klargjere artwork til trykk

– Planlegge og klargjere jobbar til produksjonen

 

Kunnskaper:

– Erfaring og godt kjent med Illustrator og Adobe-pakken

– Har relevant utdanning eller erfaring innen trykk/førtrykk

– Liker å prøve nye ting og program

– Har eit auge for design

– Gode engelsk og norsk kunnskaper

Les hele annonsen her.

You might also like