Printfarm søker Trykkerimedarbeider (Øvre Årdal)

Vi ser etter deg som er, eller kan bli, hekta på digital print og ny teknologi.

Saman skal vi utvikla, automatisera og heva kvaliteten på avdelinga for storformat-print. Nye maskiner er på veg, og det skal investerast ytterlegare i tida som kjem.

Du kjem til å produsere produkt som t.d. plakatar, rollup, veggdekor, bilfolie og etikettar. I tillegg blir det montering av folie på bil, vindauge og skilt. Det er stor variasjon i arbeidet, og du får vera med på å utvikle din eigen arbeidsplass.

Du

  • ser mogleheitar
  • likar ny teknologi
  • er triveleg og omgjengeleg
  • ønskjer å læra og å yte service
  • er glad i nye utfordringar

Printfarm

  • er innovative og i vekst
  • satsar på ny digital teknologi
  • har det kjekt på jobb
  • brenn for produkta og kundane
  • utviklar seg alltid

Om arbeidsgiveren

Printfarm AS er eit trykkeri kontinuerlig utvikling med fokus på kvalitet, digitalisering og miljø. I fjor hadde vi 25-års jubileum og feira med store investeringar og rekordomsetning. Vi er fire tilsette som arbeidar med moderne produksjonsutstyr i nye lokale i Øvre Årdal. I 2021 skal vi styrke avdelinga for storformat-print med deg og fleire maskiner. Printfarm AS er medeigar i nettbutikken Kortlevert.no som er samlokalisert.

- ANNONSE -

Source www.finn.no
You might also like