Voss Prenteverk Grafiske Tenester AS søker Senior Designer (Voss)

Voss Prenteverk søkjer senior designar til 1-års vikariat med god mogelegheit for fast tilsetjing.

Brenn du for god kommunikasjon, resultatorientert design og for å skapa profesjonelt innhald for både digitale og analoge kommunikasjonsflater? 

Me er på jakt etter ein løysningsorientert og fleksibel designar som likar å jobba i tverrfaglege samarbeid og gjerne har evna til å leia større prosjekt. Hjå oss får du fridom til å utforska din kreativitet, heve designkompetansen og utvikla ditt strategiske potensial.

Voss Prenteverk leverer mellom anna tenester innan visuell kommunikasjon, grafisk design, webdesign, marknadsstrategi, digital marknadsføring, rådgjeving og mykje meir for våre kundar.

Me meiner at god design og kommunikasjon handlar om å forstå og evna til å setje seg inn i kundens behov. Me trur på det enkle og effektive. Samstundes ynskjer me å levera noko som er unikt og tilpassa kvar enkelt kunde. Me ynskjer å væra ein utviklingspartnar og langsiktig rådgjevar for våre kundar. Når me går inn i eit kundeforhold, ynskjer me å få til eit samarbeid som kan utvikla seg over tid.

Me veit at dei beste resultata kjem fram gjennom eit kreativt og tverrfagleg samarbeid. Voss Prenteverk er difor samlokalisert – og samarbeider dagleg med fleire lokale verksemder med spesialkompetanse innan mellom anna film, foto og webutvikling. I tillegg er Voss Prenteverk også ein del av Mantel AS som gjev oss eit sterkt kompetanse nettverk og ikkje minst eit solid fagleg samarbeid også utanfor Voss.

Dersom du har stålkontroll på designfag- og metodikk, samstundes som du er god på å tenkje heilskapleg og sjå det store biletet, vil me gjerne høyre frå deg.

Hjå oss får du jobba saman med fine folk i et triveleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vert ein del av eit veksande og fagleg sterkt miljø og får mogelegheita til å påverka din eigen arbeidskvardag!

- ANNONSE -

You might also like